Teaterstykket "Frykten" av Yngve Sundvor blir i desse dagar spelt på Rogaland Teater. Stykket er ein slags politisk grøssar der vi møter Statsministeren og nokon av hans nærmaste medarbeidarar, som har reist ut på ei øy og tatt inn på ei lita hytte for å finpusse på ein særs kritisk miljøpolitisk reform. Det politiske bakteppet, som etter mi meining er sjølve kjernebodskapen i stykket, er særdeles dagsaktuelt. Vi møter ein statsministar som ynskjer å avskaffe oljenasjonen Noreg. Han vil ta konsekvensen av klimakrisa, og gjere Noreg om til ein energinasjon. Dette er tankar som allereie har stor støtte hos mange nordmenn, sjølv om dei framleis har til gode å bli uttrykt så direkte frå eit nasjonalpolitisk hold. Det politisk radikale i stykket ligg derfor ikkje i ideane, men meir i den visjonære og kompromisslause tilnærminga frå eit så høgt hold. Likevel opplevast det som truverdig. Vi føler, kanskje med rette, at ein reform liknande den i stykket, kan bli formulert i nær framtid. Den miljøpolitiske problemstillinga i stykket er ei av dei mest grunnleggjande sakene i norsk storpolitikk, og det heile blir relevant og aktuelt.
Det interessante er at parallelt med at den politiske konflikten trer fram, får vi også ei "naturkatastrofe". Fuglar byrjar tilsynelatande umotivert å gå til angrep på menneska. Ein kan nesten få inntrykk av at sjølve naturen blir personifisert og gitt direkte handlingskraft. Dette gir stykket eit utprega preg av spenning/grøssar. Det gis ingen svar på kvifor fuglane oppfører seg slik, og ein kan stille seg spørsmål. Er fuglane berre forvirra? Er det naturen som tek hemn? Er fuglane eigentleg der, eller er dei berre eit utrykk for ei generell frykt?
Det er lett å sjå at oppsetjinga hentar mykje inspirasjon frå film. Måten historia er satt opp på, replikkar, spenningskurve, lys og lyd, minnar alt om det vi er vandt med å sjå i kinosalen. Referansen til Hitchcock er openbar, og noko med psykologien og måten naturen oppførar seg på minner meg også om Lars Von Triers ”Antichrist”. Alt dette gir stykket eit tydeleg ungdommeleg preg, og eg trur at mange fleire enn dei som vanlegvis går i teateret vil ha stor glede av å sjå ”Frykten”. Rogaland teater prøver nok, og vil kanskje også klare, å lokke til seg fleire unge og ungdommar med denne nyoppsetjinga.
Eit svært underhaldande, spennande og nyskapande stykke som samtidig fokuserar på viktige tema og manar til ettertanke. Kan ein ynskje seg meir?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar