Allereie rundt år 700 f.Kr. blei grunnprinsippa for mykje av vår moderne kultur lagt. Idear om demokrati, filosofi, etikk, arkitektur, kunst og vitskap, som er heilt grunnleggjande for dagens samfunnsorganisering, blei i sine tidlege former fødde på denne tida. Sjå berre på politikken. Det var i Athen at det første demokratiet såg dagens lys mot slutten av 500-talet. ”Demos” og ”kratos” som betyr ”folk” og ”makt” på gresk, vart satt saman. Folkemakt. Seinare har prinsippet om folkestyre blitt vidare utvikla. Fyrst av romarane som oppfant republikken, før det seinare tok turen innom Karl Marx og vart modna mot våre dagars sosialdemokrati.
Antikkens samfunn hadde heilt klart visse barbariske trekk, bruk av slavar, vold og tvang var essensielt i mange av dei arkitektoniske og organisatoriske bragdene vi beundrar dei for. Likevel er det slåande kor mykje av grunnlaget for utviklinga mot eit samfunn basert på rettferd og likskap som vart lagt på denne tida. På mange måtar er det nærmast merkeleg at vi har brukt meir enn 2000 år på å nå fram til der vi er i dag, når eit såpass ferdiglagt fundamentet har vore der så lenge.
I nyare historie ser vi gjerne at statsmenn, arkitektar og kunstnarar går tilbake til antikken for å hente ut essensen av deira eige virke. På mange måtar er denne tida starten på den delen av historia som vi baserar vår vestlege identitet på. Eg trur ikkje ein overdriv om ein hevdar at antikken er det grunnlaget vi bruker for å plassere oss sjølve i ein historisk samanheng. Og eg trur vi vil halde fram med å studere, lære og bli fascinert av antikkens samfunn også i framtida. Det tykkjer eg i alle fall vi bør.
Kjelder:
Ole Kristian Grimnes, Synnøve Veian Hellerud (2009) ”Tidslinjer påbygging” Aschehoug forlag
Endeleg eit blogginnlegg på nynorsk!
SvarSlettInspirasjonen frå antikken synest uendelig.
Til bloggen ellers;
Fint innlegg om læring og undervisning!
Målet må vel være å stå fram, ikke framstå, som tolerante frie tenkere i stadig jakt på utvikling og kunnskap?