tirsdag 5. oktober 2010

Håvamål

Strofe 4:
Vatn og hand-duk
han ventar å få,
når til bords han vert beden.
Syn godlaget fram,
så greidleg du kann,
med ord og attbeding

 Strofe 38:
Våpni sine
skal mann på vollen
ikkje gange eit fet ifrå.
Uvisst er å vita
når på vegom ute
det spyrjast kann etter spjot


Strofe 4 frå håvamål, handlar om det vere ein god vert og eit ope og gjestfritt menneske. Du skal vise godlag med ord, være hyggjeleg, og med attbeding, altså servering, hjelp, materielle goder. Dette er eit ideal som også stemmer overens med dagens norm. Når vi er på besøk, eller sjølv har gjester, er det vanleg folkeskikk å by på mat/drikke, og på andre måtar hjelpe den besøkande best mogleg. Det er nok mykje for at framande skal få eit best mogleg inntrykk av oss, men også ein måte å sikre at ein sjølv i stor grad er sikra grunnleggjande behov når ein er ute på besøk og reise. Som vi ser av Håvamål, er dette noko som går langt tilbake i tid.

Strofe 38 er nok litt mindre relevant for oss i dag. Det denne strofa seier er at ein aldri skal gå langt bort utan våpen. Vi kan sjå for oss at i eit usikkert samfunn som Noreg på vikingtida, med stadige maktkampar, overfall og feider, var det gjerne lurt å alltid kunne forsvare seg for angrep. I det trygge samfunnet vi har i dag, er eit slikt råd ikkje lenger like aktuelt. Men vi kan nok finne eksempel på enkelte belasta strøk og ghettoar utanfor store byar rundt om i verda, der tilværelsen er meir utrygg, og slike råd blir praktisert.

Bilete viser framsida av Samlaget si Håvamål-utgåve